nordtrondelag

Søkbare midlar for vidaregåande skule

Anne Lena Underland @ Nord-Trøndelag // 12.03.15

Saknar du ein konkret produksjon i DKS-programmet? Eller veit du om lokale produksjonar som du kunne tenkje deg at blei gjennomført ved akkurat din skule?

I tillegg til det ordinære DKS-programmet frå fylkeskommunen, er DKS for vidaregåande skule i Nord-Trøndelag midt i ei treårig forsøksordning med søkbare midlar. Denne har økonomisk basis i overskot på spelemiddeltildelinga for skuleåret 2013-14. Hittil har Steinkjer vgs., Inderøy vgs. og Mære lbs. fått nyte godt av tildelingane.

Midlane skal brukast, uavkorta, til profesjonelle kunst- og kulturtiltak for elevane, som eit lokalt supplement til det ordinære tilbodet frå Den kulturelle skolesekken. Tildelinga er basert på søknad frå skulane, med frist 1.mai og 1.november.

Søknad sendast elektronisk til avdeling for vidaregåande opplæring, og må innehalde følgjande:

  • To til seks liner om tiltaket
  • Namn på kunstnar(ar) / kunstinstitusjon(ar) som deltek i tiltaket
  • Lenke til kunstnaren / kunstinstitusjonen si heimeside, alternativt to til seks liner om denne sitt virke som kunstnar
  • Budsjett for tiltaket

Midlane blir utbetalt i etterkant av gjennomført arrangement / tiltak. Skulane legg ut for tiltaket i fyrste omgang, og sender refusjonskrav. Evt. kan skulen vidareformidle faktura frå utøvar til koordinator for DKS.

Det kan eksempelvis søkjast om midlar til honorering av kunstnar(ar), billettar til arrangement ved kunst- og kulturinstitusjonar og / eller transport av elevar til denne typen arrangement. det kan også søkjast om delfinansiering til større kulturarrangement i skulen sin regi.

Det viktigaste kriteriet for tildelinga, er at tiltaket må ha høg kunstnarleg kvalitet, og vere tilknytt profesjonelle kunstnarar. Per definisjon er ein profesjonell kunstnar ein person med kunstfagleg utdanning, som heilt eller delvis lever av si kunstnarlege verksemd. Alternativt ein person utan kunstfagleg utdanning, men som kan vise til å ha levd av kunstfagleg verksemd over lengre tid.