Nord-Trøndelag fylkeskommune
Postadresse: Den kulturelle skolesekken, Postboks 2560, 7735 Steinkjer
Besøksadresse: Fylkes hus, Seilmakergata 2, 7725 Steinkjer
Kan nokon gripe inn (Riksteatret)
Produksjonsliste
Program

Kan nokon gripe inn (Riksteatret)

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste tog dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.  Framsyninga er ein samproduksjon med Det Norske Teatret.

På scenen møter du Kjersti Dalseide, Pål Christian Eggen, Hallvard Holmen, Lasse Kolsrud, Hildegun Riise og Hans Rønningen. Det blir utarbeida eit pedagogisk materiell til framsyninga. 

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Nord-Trøndelag fylkeskommune
  • Kunstnere/grupper: Riksteatret

Multimedia og vedlegg

Bilder

fra forestillinga
Foto: Erik Berg
fra forestillinga
Foto: Erik Berg
Scenekunst / Teater
Trinn: VG1 - VG3
Praktisk informasjon
Kontaktperson produksjon
DKS-koordinator VGS: Henning Lystad, henning.lystad@ntfk.no, tlf. 40228149
Programlengde
90 min uten pause
Arrangører
Arrangert av:
Nord-Trøndelag fylkeskommune