Nord-Trøndelag fylkeskommune
Postadresse: Den kulturelle skolesekken, Postboks 2560, 7735 Steinkjer
Besøksadresse: Fylkes hus, Seilmakergata 2, 7725 Steinkjer
Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen
Produksjonsliste
Program

Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Se alle bilder, videoer, lydklipp, vedlegg

Bøkene «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen» (Samlaget, 2014) og «Aldri fred å få», (Samlaget 2015) bygger på hendingar frå kyst-Noreg under andre verdskrigen. 10 år gamla Dagny har ei mormor som er veldig glad i å fortelje om gamle dagar. Mormor er så gammal at ho til og med hugsar då det var krig i Noreg. Dagny ønsker seg tilbake til den tida då alt var så spennande. Ein morgon vaknar ho opp og er på magisk vis tilbake i januar 1945. Dagny må vere stand-in i mormora sin barndom og møter tyske soldatar, russefangar og motstandsfolk. Men det aller verste er mobbarane på skulevegen. Heldigvis får ho to nye venner: Belinda, som er ny-evakuert frå Finnmark, og rampeguten Kalla. Han veit råd: Dei låner robåten til oldefar og rømmer til England. Eller kanskje kjem dei ikkje så langt?

I skuleframsyninga får elevane bli med på reisa tilbake til gamle dagar ved hjelp av gjenstandar frå krigen, lyd-effekter og opplesing frå boka «Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen». Forfattaren sølv les. Etter opplesinga vert det tid for borna å fortelje kva deira oldeforeldre og besteforeldra har fortalt om andre verdskrigen.

Som forfattar ønsker eg å formidle leseglede, leik og fantasi. Samstundes er det eit viktig historisk element i bøkene mine. Eg ønsker å gi kunnskap om norsk krigshistorie og skape eit lite innblikk i kva krig inneber

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Nord-Trøndelag fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe

Ingunn Røyset er forfattar frå Flø i Møre og Romsdal. Ho debuterte i 2012 med Prins Storm og har seinare skrive to barnebøker om andre verdskrigen "Dei et ikkje sjokoladpålegg i krigen" og "Aldri fred å få". Ingunn Røyset har bakgrunn som journalist og er aktuell med sakprosaboka "Brevet frå krigen" i april 2017.

"Dei et ikkje sjokoladepåleg i krigen" er produsert av Seanse- senter for kunstproduksjon. Forfattaren reiste/reiser rundt med programmet i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland i skuleåret 2015/16 og 2016/17.


Medvirkende

Multimedia og vedlegg

Bilder

Aldri fred å få
Foto: Samlaget
Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen
Foto: Samlaget
Ingunn Røyset
Foto: Foto: Hugo Opdal
Litteratur
Trinn: 5 - 7
Praktisk informasjon
Kontaktperson utøver
Programlengde
60
Maks publikumsantall
60
Arena / rom
Klasserom/gymsal/aula. Trenger bord, stol og tilgang til stikkontakt.
Oppriggingstid
10 min.
Nedriggingstid
10 min.
Arrangører
Arrangert av:
Nord-Trøndelag fylkeskommune
Medvirkende
  • Ingunn Røyset (Forfatter)